Hopp til hovedinnhold
Bestill

Gå ikkje glipp av den fantastiske panoramafilmen om Jostedalsbreen Nasjonalpark, vist på Europas største saumlause lerret, og opplevingsutstillinga om klimaendringar! Bremuseet er prisløna og ligg i fjord- og brebygda Fjærland.

I Bremuseet kan du utføre dine eigne eksperiment med 1000 år gamal is frå Supphellebreen.

På museet finn du svar på ofte stilte spørsmål som "Kvifor er isen blå?" og "Kvifor er fjorden grøn?". Museet er også eit offentleg godkjend besøkssenter for Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Arkitekten, professor Sverre Fehn, har teikna museet. Fehn mottok Pritzker prisen i 1997 - den viktigaste internasjonale pris ein arkitekt kan få. Museumsbygget har motteke fleire prisar, blant dei den høgste norske arkitekturprisen.

Alle utstillingane er tilrettelagt for funksjonshemma.

Bremuseet er ei privat stifting som opna i 1991 og vart etablert av the International Glaciological Society, ulike norske forskingsinstitusjonar på bre og klima og Den norske turistforening.

H.M. Dronning Sonja opna museet og meir enn 1,7 millionar personar har vitja museet sidan opninga.

Senteret har presentasjonar på 13 språk: Norsk, Engelsk, Tysk, Nederlandsk, Spansk, Fransk, Italiensk, Russisk, Polsk, Portugesisk, Kinesisk, Japansk og Koreansk.

Norsk Bremuseum Cafè

På bremuseet finn du og ein herleg Cafè der dei servera varm og kald drikke, vafler med syltetøy og rømme, heimalaga cookies, bagetter og is. 

 

Kontakt

Adresse:
  • Fjærland
  • 6848 Fjærland
Telefon:
+47 45 50 77 18
E-post:
post@bre.museum.no
Nettside:
www.bremuseum.no/

Fasiliteter

Ladepunkt for elbil:

Hvor er Norsk Bremuseum?