Bestill

Naturguidinga går ut på å lære om brear, klima og naturgeografien i Fjærland. Vi kjem inn på tema som brear, morener, flaum frå bre, jettegryte, ulike skredformer og avsetningar frå ulike naturprosessar. I tillegg vil vi fortelja om lolkahistorie i ei bygd med kort veg mellom fjorden og breen.

Kom i eigen bil og møt naturvegleiaren hjå Norsk Bremuseum i Fjærland.

Pris: 980,- kr per gruppe (maks 5 personar)

Tidsbruk: 2 timar

April - August

September og oktober: på førespurnad

Stoppestader: Norsk Bremuseum, Bøyabreen, Skarestad, Øygard, Supphellebreen.

Hugs joggesko, fjellsko eller sko som tålar å gå på lett kupert sti i skogen.

Bonus: naturguidinga gjev rabatt på 25% for besøk i Norsk Bremuseum same dag!

Dette er på lågterskelnivå og passar for alle som er nyfikne på fenomen særskild knytt mot breane og naturen i nærleiken til breane.

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Kontakt

Adresse:
  • Fjærlandsfjorden 13
  • 6848 Fjærland
Telefon:
+47 45507718
E-post:
post@bre.museum.no
Nettside:
www.bre.museum.no/naturguiding

Hvor er Naturguiding - Norsk Bremuseum?

Fjord Norways sekundærlogo