Hopp til hovedinnhold

Fjordhesten er avla fram på Vestlandet og bar namnet vestlandshest i mange år. Landskapet på Vestlandet er prega av lange fjordar og bratte fjell, og historisk var folk avhengige av å ha ein hest som stødig kunne ta seg fram i det ulendte terrenget. I tillegg til å ha vore viktig innan transport var fjordhesten ein ideell gardshest på dei små og tungdrivne gardsbruka då han er liten, sterk, uthaldande og lettfôra. I dag er fjordhesten ein allsidig familie- og hobbyhest. Han er også populær innan terapiriding og turisme grunna hans rolege gemytt.

Norsk Fjordhestsenter er eit kompetansesenter for fjordhesten, med informasjons- og rådgivingsteneste for alle forhold rundt denne heilnorske hesten. Ei av hovudoppgåvene er å fremje avl og bruk av fjordingen. Det er også stor kursaktivitet ved senteret gjennom året, og Fjordane folkehøgskule har si undervisning her. Vår og sommar er det høg aktivitet ved seminstasjonen.

Kilde: Nordfjord

    Kontakt

    Adresse:
    • Norsk Fjordhestsenter
    • 6770
    • Nordfjordeid
    Telefon:
    +47 57864800
    E-post:
    post@norsk-fjordhestsenter.no
    Nettside:

    Hvor er Norsk Fjordhestsenter?