Hopp til hovedinnhold

På Åheim kan du prøve lukka som skattegravar, og sjå om du klarer å finne dei vakre steinane som skjuler seg under grusen i Sundalen. Dette området har ein av verdas største forekomstar av mineralet olivin, som i likskap med frukta har ein karakteristisk grønfarge. Området er også rikt på andre mineralar, og spesielt granatperidotitten ved Helgehornsvatnet har lenge fascinert geologar, som har funne viktige spor etter den tidlige utviklinga av jordskorpa her.

Utgraving og gruvedrift

Å grave etter edelstein er spennande, mer krev litt tålmod... Har du lukka med deg, vil du finne ein stor og skikkeleg flott peridot. På skattejakt i Sundalen kan du også finne eklogittar. Dette er fine, raud- og grønspraglete steinar som vert danna særs djupt nede i jordskorpa, og er uvanleg tunge. Ta med deg nistepakke og ein porsjon flaks i sekken, og prøv lukka på skattejakt i Sundalen - her skjuler det seg mange flotte smykkesteinar for den som er flink til å grave!

Åheim og Vanylven si lokalhistorie her er sterkt prega av gruvedrifta på olivin i fleire generasjonar. Selskapet A/S Olivin vart stifta av den Norske Stat i 1948. Senteret vil ha ulike temautstillingar som omhandlar historie, framtidas produkt og myter rundt mineralet olivin og kringliggande bergartar som for eksempel eklogitt og granatperidotit. Olivinsenteret er også ein base for guida turar i nærmiljøet med fokus på mineralførekomstar.

Peridot

Edelsteinen peridot er ein smykkestein allereie kjent frå antikken. Peridot frå Åheim er verdskjent for sin intense grønfarge, og reinheit. Alle dei største mineralmusea i inn- og utland har peridot frå Åheim i sine samlingar. Dei mest kjende fasettslipte peridotane i verda, er på over 200 karat og er innprega i gull i "The Shrine of the Magi" i Tyskland (Køln).

  • Trip Advisor logo
  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • 6146 Åheim
Telefon:
+47 901 39 941
E-post:
post@norskolivinsenter.no
Nettside:

Fasiliteter

Barnevennlig:
Parkering:
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Norsk Olivinsenter (NOS)?