Hopp til hovedinnhold
Bestill

Norsk Reiselivsmuseum – Ei reise gjennom Noregs turisthistorie

I den vakre bygda Balestrand, ved nordsida av Sognefjorden, ligg Norsk Reiselivsmuseum. Her kan du dykke ned i historia om korleis Noreg vart ein av verdas mest kjende destinasjonar.

Museet presenterer utviklinga av norsk reiseliv, med fokus på Balestrand si rolle i denne historia. Gjennom interaktive utstillingar får de innblikk i korleis turismen har påverka og forma samfunnet, og kva som har gjort Noreg til eit attraktivt reisemål. Museet er eit av svært få i verda som tematiserer utviklinga av moderne turisme, og gir ei unik oppleving for dei som er interesserte i kultur og historie. Museet held til i eit spektakulært byggverk, med vegger skorne rett ut av grunnfjellet. I auditoriet får du oppleve kortfilmar knytt til reiseliv og turisme, til dømes den nervepirrande dokumentaren om den norske kvinnelige luftfartspioneren Gidsken Jakobsen. Museet tilbyr og skiftande utstillingar.

Vi tilbyr guida turar både for grupper og individuelle gjester på førespurnad, på nettsida vår finn du oversikt over kva guida turar du kan velje i.

Mat og drikke
I Kafé Vindreken kan du nyte kaffi, te, lokale drikkevarer og heimelaga kaker, smørbrød og anna godt. Opplev den eineståande utsikta til fjella og Sognefjorden frå kaféen vår. 

Sesong:
Museet er ope heile året (bortsett frå januar månad). Besøk nettsida vår for informasjon om opningstider.

Tilrettelegging:

På museet er det heis og stegfri tilkomst til begge etasjar i hovudbygget. Toalett ligg i fyrste etasje, både for rørslenedsette og andre.

Kjem du til Balestrand anbefaler vi sjølvsagt eit besøk på Kviknes Hotel, familiehotell med sjel og atmosfære og ikkje minst god mat. I tillegg er det ei rekke av ulike aktivitetar og fine fjellturar i området.

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Priser

Billetter:
NOK 80

Kontakt

Adresse:
  • Holmen 12
  • 6899 Balestrand
Telefon:
+47 474 53 053
E-post:
nrm@misf.no
Nettside:
misf.no/norsk-reiselivsmuseum

Hvor er Norsk Reiselivsmuseum