Hopp til hovedinnhold

Nupatinden ligg i Sande kommune og når 242 meter over havet. Turen går via Storehornet (271 moh) og er om lag 7 kilometer tur/retur, med rundt 300 høgdemeter stigning. Du bør rekne med 2 til 3 timar, og turen går i lett til middels terreng med god merking heile vegen.

Frå toppen har du flott utsikt over øyane i ytre Sande, mot Gurskefjorden og Hallefjorden, og du ser langt til havs. Larsnes I.L. har trimpost på toppen.

Startpunktet er på høgste punktet på Drageskaret, langs fv. 61 mellom Gursken og Larsnes. Her er det god parkering.

Råsa startar på vestsida av vegen og går vestover, først over nokre myrar. Derifrå følgjer råsa ryggen ut til toppen av Storehornet, før ho går bratt nedover og vidare langs den høgste ryggen vestover til Nupatinden. Stien er god, men kan vere våt over myrane i regnvêr.

Nupatinden er eit fuglefredingsområde. I perioden 1. mai til 31. juli er det derfor berre lov å gå i den merka råsa ut til toppen, du kan ikkje gå utanom stien i denne perioden. Utanom hekkeperioden er turen open heile året, og om vinteren kan du også gå han på ski.

Kontakt

Adresse:
  • Drageskaret Fv61
  • 6084 Larsnes
Telefon:
+47 70 30 98 00
E-post:
info@visitnorthwest.no
Nettside:
www.fjordnorway.com/no/attraksjoner/sande

Hvor er Nupatinden i Sande – vandretur med havutsikt