Topptur til Oksen 1241 moh.

Frå toppen av Oksen har ein storslått utsikt 360 grader til nesten heile Hardanger, til både fjord og fjell: Hardangerfjorden, Granvinfjorden, Sørfjorden, Eidfjorden og store delar av Hardangervidda, Folgefonna, Vossefjella og Raundalsryggens toppar i nordvest.

Denne turen kan nesten alle ta, om ein tar seg nok tid til stigninga.

Kome til startpunktet og parkering: Frå Ulvik. Kjøyr Fv 302 i retning Hallanger, Djønno/Tjoflot, og kjøyr langs fjorden til Tjoflot (ca 17 km). Frå Tjoflot går det ein liten grusveg opp til 250 moh, eigna for personbilar. Det er god plass til parkering ved enden av grusvegen. Sesong: slutten juni- midten september, når det er snøfritt. Ta ikkje denne turen i dårleg ver!

Startpunkt: Fotturen startar ved enden av grusvegen 2 km opp frå sjøen på Tjoflot, ca. 250 moh.

Endepunkt: Toppen av Oksen, 1241 moh.

Tilkomst med offentleg transport: Nei

Merking/Infotavler: Det er infotavle på naustvegg ved sjøen på Tjoflot, på parkeringsplassen ved enden av grusvegen, og på stølen Vindhovden 640 moh. Stien er ikkje merka, men det er vegskilt der stien deler seg. Stien er mykje brukt og visast godt.

Gradering: Turen har ikkje farlege passasjar, er mykje brukt og lett å gå på. Det er stigning heile vegen, med to særleg bratte parti 400 – 600 moh, og 800-1100 moh med sterk stigning. Dette er difor ein krevjande tur.

Høgdeskilnad: Frå parkeringsplassen 250 moh til Oksen 1241moh er det høgdeskilnad på ca 990 meter.

Tidsbruk: Frå parkeringsplassen til Oksen tek det frå 2-4 timar å gå ein veg, alt etter fysisk form. Tur-reut må ein rekne 3,5 - 6 timar.

Turomtale: Køyr langs Fv 302 til Tjoflot. Derifrå kjøyrer ein på grusveg, eigna for personbilar til parkeringsplass. Infotavla står her. Stien går bratt oppover gjennom granskog. Frå stølen Vindhovden er det utsikt til Samlafjorden og Sørfjorden. Det går vidare bratt oppover mot toppen. Legg gjerne turen ut på Veten på den sørlege delen av toppen av Oksen, der er utsikta best, og også lokalitet for den gamle varden.             

Gode råd: Bruk god tid, og hugs fotografering på veg opp før ein blir for sliten. Hugs å skriva namnet ditt i boka som ligg i postkassa på Oksen. Turen bør ikkje veljast i dårleg ver. Tåke legg seg ofte ned over toppen når det er dårleg ver og det er vanskeleg å finna rett veg ned att i tåke. Ta med mat og drikke, og varme klede. Det kan vera kaldt på toppen.

Variasjon av denne turen: Ein kan velja å gå vidare ned att til Djønno, Selstad i Granvinsfjorden eller Stokksel i Granvin. Desse løypene er dårlegare merka, og ein treng kart.

Oksenhalvøya stikk ut i Hardangerfjorden frå nordsida. På fjellet her var det i mellomalderen ein vete, som skulle varsla leidangen i Ullensvang om det kom fiendtlege skip. Rundt år 1000 oppretta kongen eit landevern ved å dela landet inn i skipreider. Kvar skipreid skulle halda eit skip med mat og mannskap, naust, segl og vedlikehald av utstyr. I Kinsarvik låg eit slikt skip. Som del av dette landevernet skulle det også byggast vetar og haldast vakt på fjell med fri sikt, når det var utsikt til ufred. Kom det skip skulle veten tennast, og såleis område varslast.

Siste gong vetesystemet vart brukt var under Napoleonskrigane (1808-09 og 1814), då også veten på Oksen vart sett i stand.

Kontakt

Adresse:
  • Tjoflot
  • 5730 Ulvik
Telefon:
+47 40007199
E-post:
visitulvik@ulvik.kommune.no
Nettside:
visitulvik.no

Hvor er Oksen?