Hopp til hovedinnhold
Bestill

Turen startar i Selje sentrum der klosterbåten “Selja”, tek deg med på den 15 minutt lange båtturen ut til Selja Kloster.

Når du stig i land på Selja, er det som å reise tilbake i tid.

Du vel om du vil utforske anlegget på eigenhand, eller bli med på ein guida tur. På den guida turen, kan du lytte til den spennande legenda om Sta. Sunniva og lære meir om livet på klosteret.

Bli med på denne reisa og lær den spennande historia om Sta. Sunniva og Selja Kloster. Du kan vandre i dei same gangane som benediktinermunkane vandra for over 700 år sidan, og gå opp den smale trappa til toppen av klostertårnet. Følg i Sta. Sunniva sine fotspor opp stien til den heilage Sunnivahola, og nyt den spektakulere utsikta over klosteranlegget. Kanskje du vil smake på vatnet frå den lækjande Sunnivakjelda?

Bli med på ei reise tilbake i tid!

Sjå våre nettsider for booking og tilgjengelegheit.

Kilde: Nordfjord

    Kontakt

    Adresse:
    • 6740
    • Selje
    Telefon:
    +47 99046022
    E-post:
    selja@fjordguiding.no
    Nettside:
    www.fjordguidingselje.no/

    Hvor er Opplev majestetiske Selja Kloster?