Ørsta Skisenter har tre skitrekk (inkludert barnetrekk), stolheis, langrennsløype m/lys og sykkelanlegg om sommeren. Sykkelanlegget vart bygt sommaren 2008 av Bakkar og Berg. Senteret ligg ca. 10 minutt i køyreavstand frå Ørsta sentrum, mot Sæbø.
På senteret kan ein leige spesialtilpassa syklar, ski og skiutstyr.
Kafeen på Eitrefjell ligg flott plassert 700 m.o.h. Den har plass til 75 personar og er godt utstyrt. Kafeen kan leigast til private arrangement.