Hopp til hovedinnhold

Osternes festning – krigshistorie og utsikt i Fitjar

Osternes festning er eit mektig kulturminne frå andre verdskrigen, og ligg vakkert til ved Selbjørnsfjorden i Fitjar. Her kan du gå i fotspora til soldatar frå 1940-talet og utforska gamle kanonstillingar, bunkerar og kommandopostar – alt med utsyn mot havet og øyriket i vest. Ein tur til festningsområdet gir både frisk luft, utsikt og eit sterkt møte med historia.

Turbeskriving

Turen startar frå parkeringsplassen på Tveit. Følg Osternesvegen nordover til du kjem til garden Stokken. Her tek du av til høgre og følgjer vegen ned til Grønevik – ei lita bukt der tyskarane hadde kai under krigen. Etter besøket i Grønevik går du om lag 300 meter tilbake og tek til høgre igjen opp mot kommandosentralen. Dette er eit flott punkt for ein pause – med utsyn, historie og gode sitjeplassar.

Turen vidare tek deg forbi grunnmuren til den gamle kommandantbustaden, før du kjem til den sørlegaste kanonstillinga. Herifrå kan du sjå langt utover Selbjørnsfjorden. Når du har utforska området, følgjer du same veg tilbake til parkeringsplassen.

Praktisk informasjon

  • Lengd på turen: Om lag 3,5 km tur-retur.
  • Terreng: Lettgått – blanding av grusveg og sti. Passar for dei fleste.
  • Turtid: Cirka 1–1,5 time.
  • Parkering: Parkeringsplass på Tveit – Betaling med Vipps.
  • Ver merksam på: Ta omsyn til natur og kulturminne – ikkje gå inn i eller øydelegg bunkeranlegg.
  • Beitedyr: Lukk grindene etter deg. Det er ikkje anbefalt å ha med hund på denne turen pga beitande dyr.

Er det toalett ved Osternes festning?

Nei, det er ikkje toalettfasilitetar i området, så planlegg turen deretter.

Universell utforming

Stien og vegen til festninga er delvis gruslagt, men ikkje universelt utforma heile vegen.

Kontakt

Adresse:
  • 5419 Fitjar
Telefon:
E-post:
visning@engesund.no
Nettside:

Fasiliteter

Barnevennlig:

Hvor er Osternes festning – tur i historiske omgjevnader