Hopp til hovedinnhold

Veifakta:
Denne ruta starter i Stryn og går vestover til Blekesvingen på RV15. Derfra følger den FV613 til Dokset, videre FV698 til E39 i Lote i Eid kommune. Derfra er det for det meste tunnel til Nordfjordeid. Strekningen mellom Stryn og Nordfjordeid er ca 52 km, og kjøretiden er 1 time og 5 minutter ifølge NAF Ruteplanlegger.

Langs breddene er det store parti med grøne og frodige småbygder der folk har busett seg. Folk har budd her i mange hundre år. Nordfjorden var på den tid ein viktig ferdselsvei.
Sjølv om Panoramaveien er ei lenger strekning å køyre for å komme seg til Nordfjordeid, er utsikta vesentleg mykje betre. Når skogen opnar seg og du får servert ei nydelig utsikt over Nordfjorden, tenkje du at det var verdt omveien. FV613 går høgt oppe i dalsida langs fjorden, nesten frå gård til gård. Det er bratt ned, og eigentleg heilt utruleg at traktoren kjem seg opp og ned på bønen.

Det er mange stopp på vegen, men dei viktigaste er Jevnlig Gårdsmuseum, Ulvedal sag og bygdemuseum, Nos og Tvinnefossen,
På Jevnlig Gårdsmuseum er det mulig å sjå på nærmare på 1000 gjenstander i dei to gamle bygningane. Ulvedal sag og bygdemuseum er eit flott lite museum rundt ein restaurert oppgangssag. Her er det også eldhus, smie og eit høvleri. Det siste brukast også bland anna til museum og bibliotek. Dei lokale brukar også sagedammen til eit samlingspunkt i bygda. Fra området er det også fleire merka turruter, blant anna til Baggehola der ein lovlaus kar fra Innvik holdt til på 1500-talet.

Nos er eit utkiktspunkt med ei imponerande utsikt. Det er nesten 500 meter rett ned til fjorden. Etter du har stoppa på Nos, ta ein avstikker til Randabygda og besøk Tvinnefossen. På eit skilt ved fossen står det dette er den einaste fossen i Nord-europa der folk og dyr kan passere under fossefallet.

Kilde: Nordfjord

    Kontakt

    Adresse:
    • Panoramavegen
    • 6783
    • Stryn
    Telefon:
    +47 57874040
    E-post:
    booking@nordfjord.no
    Nettside:
    www.nordfjord.no

    Hvor er Panoramavegen?