Hopp til hovedinnhold
Bestill

Få kjenner Hardangerfjorden betre enn M/S Pilagutt med den lokale kapteinen Kurt i spissen. Han plukkar deg opp på avtalt plass i Hardanger-regionen og syrgjer for ei fantastisk kjekk oppleving på fjorden. Fossefallsafari i mektige Botnen, den smalaste fjordarmen i Hardangerfjorden omkransa av fjell på omlag 1000 meters høgde med fossar som på spektakulært vis kastar seg ned frå fjellsidene. Eller kva med eit cruise gjennom den kanskje flottaste fjorden i Noreg om ein skal tru tilbakemeldingane Kurt har fått så langt? Alternativa er mange, og om bord Pilagutt er det du sjølv som vel kva du vil oppleva.

M/S Pilagutt har plass til 11 personar og tilbyr fleksible opplegg for både individuelle og grupper. Anten det er familie-, jobb- eller vennetur – du vil garantert finna noko som passar deg. Den 34 fot lange Viknes-båten har høgt sete som gjer at du - uansett vêr eller vind - vil ha god utsikt langs heile turen. Båten har og gode sitje- og spisemoglegheiter – inne som ute.

PS: Ikkje la dårleg vêr stoppa deg! Regnfulle dagar kan ein nemleg rekna som positivt: Vatnet og krafta i fossane er langt meir spektakulær, og er du av den overtruiske sorten, veit ein også at fiskelykka er best i dårleg vêr.

Velkomen til M/S Pilagutt i Hardanger!

Kontakt

Adresse:
  • Sollesnes 1
  • 5627 Jondal
Telefon:
+47 489 55 482
E-post:
post@hardanger-fjordcruise.no
Nettside:
hardanger-fjordcruise.no/

Fasiliteter

Sesong:
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår
  • Høst

Hvor er Pilagutt - Hardanger Fjordcruise?