Hopp til hovedinnhold

Startpunkt

Ta veg 550 nordover frå Jondal sentrum. Køyr 1,4 km til du kjem gjennom ein kort tunnel. (Det er tillate å gå gjennom tunnelen). Staden heiter Pineskår. Parkering på sjøsida av vegen, men ikkje sperr porten til miljøstasjonen. På motsett side av vegen er det informasjonstavle og skilt til Gullbergnotten. Parkering på eige ansvar. Om turen Turen går i Gullbergnotten naturreservat og for det meste i tørt terreng. Første halvdel av turen går du i lauvskog, og stien er tildels bratt og krevjande. To plassar er det montert stigtrinn i fjell. Etterkvart flatar terrenget litt av og skogen opnar seg. Stien går vidare i furuskog på lyng og snaufjell til Gullbergnotten. Svært god utsikt til Jondal sentrum og ut fjorden. Her kan du også gå vidare på merka rute til Selsvik.

Parkering: Sjå "startpunkt" Parkeringsavgift: gratis  Lengde: 2,3km Total gangtid: 4 timar  Sesong: Mai - november  Vanskegrad/gradering: Raud, krevjande 

Kontakt

Adresse:
  • 5627 Jondal
Telefon:
+47 480 70 777
E-post:
turist@ullensvang.kommune.no
Nettside:

Fasiliteter

Avstand:
  • 4.6km
Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)
Sesong:
  • Sommer
  • Vår
  • Høst

Hvor er Pineskår - Gullbergnotten?