Hopp til hovedinnhold

Estimert tid

2 timar t/r.

Turkart

Etne – Saudafjella 1:100 000

Startpunkt og parkering

På garden Skromme.

Gode råd

Joggesko/fjellsko (IKKJE sko med glatte sålar), klede etter været, kamera.

Turomtale

Vandringsturen følgjer den gamle Postvegen frå 1800-talet som snor seg langs elva ned gjennom Rullestadjuvet. Du vandrar først i dramatisk natur på kanten av fossar og stup. Lenger nede er landskapet mildare, og du kan nyta utsikta over gardane og det glitrande Rullestadvatnet. Turstien startar ved garden Skromme på toppen av gamle E134 gjennom Rullestadjuvet, og endar opp på gardane nede ved Rullestadvatnet. Vegen blei ferdig restuaurert i 2009, og er godt skilta og lett å føljga. Ca 2 kilometer.

Du kan gå turen på eigahand eller grupper kan leiga med guide som gir turopplevinga ein ekstra dimensjon. Guiden deler med glede den rike historia langs vegen. Du ser for deg postbøndene, krøtterdrivarane og landskapsmålaren Lars Hertervig som har gått i same spora.

Kontakt

Adresse:
  • 5590 ETNE
Telefon:
E-post:
Nettside:
www.etne.kommune.no

Fasiliteter

Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vår
Underlag:
  • Sti
Terreng:
  • Elv
  • Skogsområde

Hvor er Postvegen i Rullestadjuvet?