Hopp til hovedinnhold

På toppen får ein ei fantastisk utsikt over Sognefjorden, både utover mot stølsheimen og innover mot Fjærland og Leikanger

Turen startar ved Belehalli på same stad som dei merka naturstiane. Vi vel raud løype mot Raudmelen. Turen går først langs den merka naturstien men tek snart av frå denne og fyl raud løype oppover. Etter ei forholdsvis bratt stigning er det fint å ta pause ved Orrabenken (370 moh). Herifrå har ein flott utsikt over Balestrand Sentrum og Sognefjorden.

Etter Orrabenken fyl vi stien vidare oppover på blå merkingar og over på raud merking, der den bå stien til Bala- og Fjærestadstølen går nedover att. Neste punkt på vegen er Buråsi (575 moh) som også er ein fin rasteplass og har fantastisk utsikt over Sognefjorden og Esefjella. Vidare frå Buråsi går vi mot toppen langs fjellryggen og har god utsikt nedover begge sider. På eine sida er det grøne lier ned mot Balestrand og på den andre, dramatisk fjellvegg ned mot Esedalen. På toppen blir ein lønna av ei fantastisk utsikt over midtre Sognefjordområde.
Turen tek ca 6 timar

Gode råd: Turkart kan ein få kjøpt på Turistkontoret. Ein bør ta med godt me drikke då det ikkje er nokon vasskjelder langs ruta

Tilkomst: Frå Balestrand kai/turistinformasjon går du opp Lærargata og vidare på Kreklingevegen før du kjem til Belehalli som er startpunkt. Frå Bøyum- pensjonat er vegane merka med kvite "nature trail" skilt.

For å kome seg til Balestrand kan ein nytte ekspressbuss frå Oslo, Trondheim eller Bergen, ekspressbåt frå Bergen eller med privatbil

Dersom du kjører personbil kjem du til Balestrand via E39 og rv55 frå Bergen og Trondheim, Via E16 og rv55 frå Oslo

Meir informasjon - www.ut.no

Turfakta:

Parkering: Parkering på Belehalli

Distanse: 10 km

Tid: Ca. 6 timar

Vansklegheitsgrad: Middels krevjande tur

Sesong: Juni - oktober

Toalett: Vær oppmerksom på at det er ikkje offentleg toalett på turen til Raudmelen.

Vatn: Fyll flaska med vatn før turen då det kan vera lite tilgang på vatn på turen.

Hugs bandtvang.

Førebuing og tips:

Før du legg ut på desse krevjande turane, er grundige førebuingar avgjerande. Pass på at du har passande utstyr, inkludert eit påliteleg par tursko, vêrpassande klede og ein godt pakka ryggsekk med nødvendigheiter som vatn, snacks og førstehjelpsutstyr. Gjer deg kjend med dei merka rutene, og ha med deg eit kart for ekstra navigasjon. Gitt alvoret og vanskelgheitsgrada på desse turane, blir dei utelukkande tilrådde for erfarne turgåarar.

Vi er glade for å ha deg på besøk - takk for at du viser respekt og omsorg under oppholdet ditt

1. Bruk offentlege toaletter og søppelkasser
2. Hold deg til merka stier
3. Ikkje mat dyra
4. Respekter privat eigedom
5. Hold til venstre på vegane og bruk fortauet for å vike for lokale bønder

Eg er Sognefjord

Kontakt

Adresse:
  • Sygnavegen 18
  • 6899 Balestrand
Telefon:
99231500
E-post:
info@sognefjord.no
Nettside:
ut.no/sted/144119/raudmelen-972-moh

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)

Hvor er Raudmelen (50-972 moh) i Balestrand