Hopp til hovedinnhold

Topptur til Raudmelen i Balestrand

Kva er vel meir magisk enn å gå på ski opp til Raudmelen med nydeleg utsikt over Sognefjorden?

Korleis komme seg til parkeringa?

Køyr til Balestrand og Parker bilen på parkeringsplassen ved Sagatun skule på Kreklingen.

Opp til Raudmelen

Følg stien som startar ved Idrettshallen til Orrabenken (utsiktspunkt). Den første delen til Orramyri, må du bere skia. Følg merka sti til Raudmelen via Klukshaug og Buråsi (575 moh) . Det er mest stigning frå Buråsi og opp til Raudmelen. På Raudmelen ligg Baly-hytta.

Ned frå Raudmelen

Enten tek du same veg ned som opp, eller du køyrer om Balastølen ned att. Nedkøyringa er bratt i starten, og pass på å ikkje kome for langt ut på sidene, då det er stupbratt ned. Elles flott nedkøyring med nydeleg utsikt over Sognefjorden, fjella omkring og bygda Balestrand.

Fare: Pass opp for bratte kantar rett ned, spesielt mot Esefjorden.

Kilometer: 3,5 km

Tid opp/ned : ca. 3 timar

Kjelde: Dragsvik Fjordhotel

    Kontakt

    Adresse:
    • Kreklingevegen 2
    • 6899 Balestrand
    Nettside:
    www.breogfjell.no/tur/balestrand

    Hvor er Raudmelen Topptur ski Balestrand