Hopp til hovedinnhold

Den 1,5 km lange sandstranda ligg i enden av bygda Refvik, ut mot det opne hav. Stranda ligg ca 10 km frå Måløy og er med sin krittkvite skjelstrand ei av Norges finaste badestrender. Nyt varme og fine sommardagar eller ei av dei mange hauststormane. Husa i Refvik har ein tjukk murstein på eine sida. Dette er for å hindre at dei skal bli blåst på havet av dei sterke hauststormane som blir pressa ned gjennom dalføret. Du finn toalett og dusj ved stranda. Det er og høve til overnatting i telt, campingvogn eller bubil.

Kontakt

Adresse:
  • 6710 Raudeberg
Telefon:
57 74 30 00
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:
www.fjordkysten.no

Hvor er Refviksanden?