Hopp til hovedinnhold

Rhododendronparken Rex Garden er ein spesiell naturpark med fleire tusen rhododendron og andre planter. Dei fleste plantane er importerte frå Skottland. Rododendron Rex, som parken har namnet frå, er og vil bli planta ut i parken i store mengder.

Sortar som Rex ssp. Filctolactueum er ein av mange ulike Rex-planter som finnes i parken. Der vert opparbeidd eigne avdelingar for Azaliea Deciduous: Albrechti, Ben Lawers, Klondyke med fleire. Det vil òg bli planta ut staudar, buskar og tre som trivst i furuskogen som er det beste jordsmonn og vekstvilkår for Rododendron og slektningar.

Parken er i stadig utvikling. Nye område i parken og rundt om i bygda vil bli planta etter kvart. Siste tilskotet er "Rex Island", Vestre Kadløy i Førdespollen, der det er planta ut 2 – 3000 planter i 2017-18. Øya er berre er tilgjengeleg med båt.

Treskulpturane i parken og på Rex Island er laga med motorsag av den lokale kunstnaren Kenneth Ravn Ottessen. Initiativtakar er Olav Furre. Parken opna i 2014.

Rex Garden er knytt saman med Førde-bygda og Strando med eit nett av turstiar, mellom anna den nyopna strandpromenaden.

Parkering

Parkeringsplass ved kryss og avkjøring til Førde sentrum. Følg fortau ned forbi daglegvarebutikk, ta til høgre på tursti «Sidespranget».

Parkering nede i bygda: Følg vegen forbi butikken ned mot Kaien, og parker på den store parkeringsplassen på venstre side. Følg strandpromenaden forbi den gamle gravplassen til Strando og Rex Garden.

Parkering ved kyrkja: Følg då vegen gjennom undergang og ta til venstre inn på tursti «Kyrkjestien».

Tekst oppdatert: 2. juli 2019

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Lauvneset
  • 5555 Førde i Hordaland
Telefon:
+47 96 91 34 44
E-post:
postmottak@sveio.kommune.no
Nettside:
www.sveio.kommune.no

Hvor er Rex Garden - Rhododendronparken?