Hopp til hovedinnhold
Bestill

Kom tett på naturen og opplev den fantastiske skjærgarden rundt Askvoll. Bli med på guida tur til Alden. Du blir plukka opp ved gjestekaia i Askvoll sentrum med ein komfortabel RIB-båt. Undervegs blir det historiefortelling av lokal guide, og du kan berre lene deg godt til rette og nyte det fantastiske landskapet.

Etter ein fartsfylt tur på 20 minutt blant holmar og skjer er du framme ved Alden. Her blir du geleida trygt i land og du tar beina fatt vidare på eigehand. Følg stien til topps av fjellet som blir kalt "Den Norske hest!. Toppen ligg 481 meter over havet, og du vil ha 360 graders utsikt over havet.

Etter tre timar vil båten plukke deg opp og ta deg med tilbake til Askvoll sentrum. Ruten blir tilpassa etter vêrforhald.

Beskriving av sjølve fjellturen

Frå hamna går ein den korte vegen opp til garden, og her er det skilta mot toppen. Stien er ikkje merka, men den er lett å finne. Ein tek straks til på oppstigninga, og vinn raskt høgdemeter. Stien er smal, men godt synleg heile vegen opp. Ved om lag 300 m.o.h kjem ein opp på platået, og terrenget flatar noko ut. Vidare mot aust og opp til Instestova, den austlege toppen, er det lett å gå. Her får ein flott utsikt i alle retningar!

For å få endå betre utsikt til havet og øyane i vest bør ein ta turen bort til den vestlege toppen Ystenova. I vest ser du dei små øysamfunna like ved storhavet, mens du i nord og aust har utsikt til majestetiske fjelltoppar og fjordar. Heilt i nord kan du til og med sjå Gjegnalundbreen og Ålfotbreen - Norges vestlegaste isbrear! Sjølv om oppstigninga er bratt dei første 300 meterane, er turen opp overkommeleg for dei som er vant med å gå i terrenget. Turen tek ca 3 timar tur/ retur. Stien er god, og treng ein å ta ein pust i bakken kan ein berre sette seg ned og nyte utsikten som er upåklageleg frå første stund.

Ein fin sommartur er å overnatte på Alden i telt, og få med deg sola som går ned i havet i vest, og ein tidleg soloppgang i aust.

Informasjon om RIB-turen

Avgang: Faste turar blir satt opp i 2022
Varigheit: 20 minutt kvar veg (båttur) og 3 timar på Alden
Distanse totalt: 20 nautiske mil
Pris: Barn: 550,- / Vaksen: 650,-
Alder: Barn må minimum vere fylt 5 år. Barn som er 15 år eller yngre på reise i følge med ein vaksen. Vi anbefalar ikkje turen for gravide, personar med ryggproblem eller dei som sitt i rullestol.
Rute: Askvoll - Vilnesfjorden - Alden | Alden – Askvoll

Priser

Fra:
NOK 550

Kontakt

Adresse:
Telefon:
99478212
E-post:
askvoll@fjordguiding.no
Nettside:
www.ribaskvoll.no/

Fasiliteter

Guiding tilgjengelig:
Sesong:
  • Sommer
Barnevennlig:

Hvor er Fartsfylt båttur til øya Alden med RIB Askvoll?