Tur til Rimstigen - utsikt over UNESCO Nærøyfjorden
Køyr ca. 5 kilometer langs fjorden frå Gudvangen og parker ved Bakka. Stien startar frå bilvegen mellom Bakka og Tufto ved Nærøyfjorden. Rimstigen går bratt oppover fjellsida og fører til stølane som høyrer til gardane Bakka og Tufto. Det har blitt gjort eit omfattande restureringsarbeid av lokalbefolkninga og sherpaer frå Nepal på dei brattaste partia med steintrapper. Turen er utfordrande og veldig bratt, det kan være glatt til tider. Nyt utsikta på vegen opp og på toppen må du sørge for å ta bilder. Gå ned igjen same veg.
Start: Bakka
Lengde: 5 km / 720 meter høgde forskjell.
Tid:5- 6 timar
Turen går opp og ta same vegen ned igjen
Krevjande fottur
Sesong: Juni - Oktober
Sjekk yr.no og ikkje gå ved dårleg vær
Sporlaus ferdsel
Rydd opp etter deg og ta med alt avfall, inkludert eingongsgrill og våtserviettar.
I utmark kan du telte så lenge du er minst 150 meter frå næraste hus eller hytte. Opne enger i låglandet er ofte innmark. Der kan du berre telte etter avtale med grunneigar. Bruk anbefalte teltplassar.
Å tenne bål i skog og utmark er forbode frå 15. april til 15. september, bortsett frå på stadar som i vasskanten, der brannfaren er minimal. Bruk etablerte bålplassar og unngå å fyre opp rett på svaberg slik at berget sprekk. Sløkk bålet og rydd etter deg før du går.
Vis omsyn til beitedyr og ville dyr. Hald hunden i band og lukk grindane. Villrein er ekstra sårbar på ettervinter og vår.
Der det ikkje finst toalett, grav eit hol minst 30 m frå sti, bygg eller vasskjelde. Dopapir og våtserviettar er søppel som skal kastast i søppeldunken.
Følg etablerte stiar – så slepp villrein og andre sky dyr å møte folk overalt. Unngå å kutte svingar, eller å trakke opp nye spor.
Uroa ikkje dyre- og fugleliv. Observer dyr og fuglar på avstand, bruk gjerne kikkert.
Vardar er vegvisarar som hjelper deg å følgje ruta. Bygg ikkje nye vardar, då dette kan føre folk på villspor. Fjern ikkje stein frå gamle vardar. Dei er kulturminne.
Merka sti frå bilvegen Gudvangen-Bakka like før Tufto. Bratt sti opp fjellsida til Rimstigbotn. Panorama utsikt til Nærøyfjorden. Samma rute tilbake. 4 timar. Kart: Nærøyfjorden 1:50000.