Hopp til hovedinnhold

Tur til Robba, ein av dei høgste fjelltrimpostane i Hyllestad. Denne turen har utgangspunkt på Bog på Lavikdalen i Høyanger kommune, noko som gjer ei jamn stigning som høver for dei fleste.

Turen startar innanfor grensene til Høyanger kommune, om lag 5km aust for Løland bru (ved rv. 57). Nokre hundre meter inn på vegen mot Bog tek stien av rett før ein liten bakketopp. Turløypa er merkt, og første delen går gjennom bjørkeskog. Ein kjem raskt opp på snaue berg, og det er nokså jamn stigning det meste av turen. Ved Stølsvatnet er det ei litt flatare strekning. Stølsvatnet ligg på 569 moh., og på nordsida av vatnet ser ein tufter etter tre stølar.

Turen endar ikkje på høgste punktet på Robba, men framme på kanten der det er reist to store steinar som markerer kvar ruta sluttar. Herifrå er det fin utsikt i alle retningar, men mest sør og vest ut i havet. Det er merkt løype vidare til Dalsstølen og Dalsbygda, 2-2.5km, men det er ikkje mykje brukt.

Turbeskrivelse henta frå Opptur Sogn og Fjordane. 

Kontakt

Adresse:
  • 6953 Leirvik i Sogn
Telefon:
E-post:
Nettside:

Fasiliteter

Total stigning:
  • 673m
Avstand:
  • 2.9km
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Terreng:
  • Fjellområde
  • Skogsområde
Underlag:
  • Sti
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Robba tursti?