Hopp til hovedinnhold
Bestill

Sider frå Hardanger har eksplodert i popularitet dei siste åra. Stadig fleire har fått augo opp for det prisvinnande produktet, og no kan du kombinera det beste frå to verdenar med sidersafari i Sørfjorden. Komande sesong er det båten Aurora of The Fjords som tilbyr turar som inkluderer gardsbesøk, sidersmaking og båttur.

Du kan velja å starta turen, som har daglege avgangar, frå Eidfjord og Ulvik inn til Odda. Du har også valet mellom å besøka éin eller fleire sidergardar. I dei pakkane som inkluderer fleire sidergardar, får ein servert lunsj beståande av lokale freistingar frå Hardanger. 

Det finst óg pakkar med middag og overnatting på enten Hotel Ullensvang eller Utne Hotel. Ynskjer du kun billett til fjordcruise med Aurora, er dette også mogeleg. Det er sal av mat og drikke på båten. 

Gli forbi majestetiske fjelltoppar, kontrastfylte isbrear, sjarmerande fjordbygder og hundretusenvis av frukttre i Sørfjorden – den største frukthagen i Noreg.

Tilgjengeleg i perioden: 13/5 - 1/9

Vil du læra meir om dei ulike sidergardane?

Aga Sideri

Åkre Gard – Edel

Alde

Hardangergutane

Store Naa Siderkompani

Kontakt

Adresse:
  • Torget 2-4
  • 5750 Odda
Telefon:
+47 55 31 67 60
E-post:
info@thefjords.no
Nettside:
www.thefjords.no/no/fjordcruise/hardangerfjorden/

Fasiliteter

Sesong:
  • Vår
  • Sommer

Hvor er Sidersafari i Hardanger- og Sørfjorden?