Hopp til hovedinnhold

Stad

Rosendal.

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Rosendal Turgruppe sitt rutekart.

Start- og sluttpunkt

Fossberg, ved inngangen til Hattebergsdalen.

Parkering

Følg vegskilt "Fossberg" frå vegdelet før Baroniet.

P-plass på Fossberg ved inngangen til Hattebergsdalen.

Merking

Informasjonstavle ved P-plassen. Først på 2 km grusveg utan merking, deretter T-merka og skilta sti opp Murabotnen.

Gradering

Raud. Middels krevjande, tre støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad

150 – 1038 moh.

Tidsbruk

5 timar t/r.

Gode råd

Ved stor vassføring kan bekken oppe i Murabotnen vera vanskeleg å passera. Noko bratt ovanfor bekken. Alternativ retur kan vera stien om Gamlestølen ned til Guddal, eller stien over Malmangernuten og direkte ned til Rosendal. Sjå rutene "Malmangernuten frå Hattebergsdalen" og "Malmangernuten frå Rosendal".

Turomtale

Frå P-plassen på Fossberg 2 km langs grusvegen til dalbotnen. Stien går opp Murabotnen og til venstre i stidele med Malmangernuten. Etter dei gamle murane på Kuhammarstølen kjem ein etter kvart til skilt som viser til utsiktspunkt mot Bjørndalsområdet og kjeldene for Hattebergvassdraget. Dette er sentrale område i Folgefonna Nasjonalpark. Flott utsyn frå varden på Skeisfjell, der Ulvanosa, Blådalshorga og Bjørndalstindane framhevar seg i ein mektig fjellheim.

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no

Kontakt

Adresse:
  • 5470 Rosendal
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Fasiliteter

Total stigning:
  • 1038m
Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)
Avstand:
  • 12.8km
Varighet:
  • Dagstur (4-12t)
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
Underlag:
  • Sti
Terreng:
  • Fjellområde
  • Nasjonalpark

Hvor er Skeisfjell frå Rosendal?