Toppturar - Den beste snøen
Fjella i Sognefjorden er perfekt og unik for toppturar grunna nærheita til breen så er snøen ofte kald og av god kvalitet i lange periodar. Utforske majestetiske landskap, vandring gjennom ubrutt snø og puste inn frisk fjelluft. Å gå på tur åleine, utan guide, krever at du har kunnskap om snøskred, førstehjelp og navigasjon. I Sognefjorden kan du booka guida turar med BreogFjell, Sogndal Lodge, Fjærland Guiding, Jostedalen Breførarlag og Jostedal Ski. Guidane vil ta deg med på topptur, guida tur til den beste snøen, og kan skreddersy eit opplegg som passar dine ferdigheiter og ynskjer. Du kan gjerne leige utstyr, men vi anbefalar at du tek med eigne sko. Gode, komfortable sko er nøkkelen til ein god skiopplevelse i Sognefjorden. Aktivitetsbedrifter tilbyr også skredkurs eller isklatrekurs.
Fjellsportfestivalen blir arrangert 23. - 27. februar i Sogndal og er blitt vinterens høgdepunkt for både lokale og tilreisande.
Snøleik i Sognefjorden - to skisenter
Her finn du fleire skianlegg og mindre skitrekk med nedfartar for både ekspertar og familiar. Dei to største skisentra er Sogn Skisenter og Sogndal Skisenter som tilbyr skiutleige, skiskule, flotte barnebakkar, kafe, toalett og selger skikortet Sognapass som du kan benytte i begge skisentra. Skisentra ligg høgt oppe, og er veldig snøsikkert. Hodlekveskogen ved Sogndal Skisenter er kanskje landets råaste frikøyringsområdet med ei enorm bratt fjellside med mykje å ta av. Ta heisen til toppen, gå mot Teigafjellet og her får du 600 meter førsteklasses frikøyring ned til bilvegen. Laussnøekspressen hentar opp skikøyrarar på haldeplassane langs vegen og tek deg tilbake til skisenteret. Sogndal Skisenter har overnattingspakkar med Quality Hotel Sogndal og Uteplassen på Selseng i Sogndalsdalen.
Langrenn
Ynskjer du heller å stå på Langrenn? I Sognefjorden er det fleire anlegg som har maskinpreppa lysløyper som går høgt til fjells, og nokre anlegg har langrennsløyper med fantastisk fjordutsikt.