Hopp til hovedinnhold
Bestill

Guida tur - Skogstur i Nigardsbreen naturreservat

Bli med på ein tur med guidar frå Breheimsenteret på skogstien i området. Stien er anlagt med minimal påverknad på naturen og illustrerar ein typisk vestnorsk villmarkssti, som gir eit godt innblikk i kva det norske friluftsslivet handlar om.

Sjølve stien er om lag éin kilometer lang, med kring 80 høgdemeter. Han går over moreneryggar, ope svaberg og gjennom tett skog. Undervegs tek våre kvalifiserte guidar seg tid til å fortelja om geologi, breen si påverknad på landskapet, samt kultur- og naturarv i området.

Viktig informasjon til turen

Nivå: Enkel

Lengde: Ca. 2 timar

Oppmøte: Kl. 10:00 ved Breheimsenteret i Jostedalen

Inkludert: Guiding, inngang til utstillinga

Barn under tre år kan vera med på turen, men må sitte i ein bæremeis.

Sesong juni - august

Bestill din tur her

Kontakt

Adresse:
  • Breheimsenteret
  • 6871 Jostedal
Telefon:
57683250
E-post:
jostedal@jostedal.com
Nettside:
www.jostedal.com/aktivitetar-i-jostedalen/

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Lett (grønn)

Hvor er Skogstur i Nigardsbreen naturreservat