Hopp til hovedinnhold

Startpunkt  Aga (eller Reiseter)

Om løypa Når du går frå Agatunet, gå sørover cirka 200 meter, ta til høgre og følg vegen til Nyeslåtten. Interessant naturskjønt og kulturelt landskap. Frå Reiseter, følg den lokale asfaltvegen 109 i 3,7 km ned til Nå eller avtal henting med privatbil. Veg 109 er ikkje eigna for større kjøretøy.

Parkering: På rasteplassen 500 meter nord for Agatunet Parkeringsavgift: gratis Lengde: 9 km (ein veg)  Total stigning: 500 meter Høgdeskilnad: Nyeslåtten ca. 180 moh - Herseter ca. 560 moh - Reiseter 320 moh. Total gangtid: 4 timar (ein veg) Sesong (gjennomsnittlig år): juni - oktober. Det er fare for snøskred utanfor sesongen.

Dette er ei løype som går gjennom idyllisk kulturlandskap, med utsikt til fjord, fjell og isbre. Naturlandskapet her er vakkert, men også nådelaust. I dei bratte fjellsidene går det mange skred i vinterhalvåret.

I området der løypa går er husa fleire stader bygd tett på kvarandre. Slike klyngetun var den vanlegaste måten å bu på i gamle dagar. Agatunet syner dette. Modernisering av landbruket har gjort at desse «landsbyane» har forsvunne, og at ein byggjer meir spreidd no. Men i dette landskapet har dei farlege skredene gjort at ein framleis må bu i «klyngetun». Det er også sett opp store vollar for å verne folk og bygningar mot skred. Like sør for Reiseter ligg skredmuren - "Noregs største skulptur i betong" - og vernar Bleietunet ved fjorden nedanfor. 

Kontakt

Adresse:
  • 5776 Nå
Telefon:
+47 480 70 777
E-post:
turist@ullensvang.kommune.no
Nettside:

Fasiliteter

Avstand:
  • 9km
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Sesong:
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Skredløypa?