Hopp til hovedinnhold

Skuten er ein kort og familievennleg tursti i Stryn, ca. 200 meter opp frå hovudvegen. Turen startar ved riksveg 15, og du parkerar gratis ved Nedstryn kyrkje.

Stien er ikkje særleg bratt, men har ein del trapper og stein. Turen tek om lag 30 minutt og er populær blant lokalbefolkninga. I tidlegare tider var dette ein av kvileplassane for dei som gjekk opp til sætra. Eit alternativ til stien er å ta traktorvegen opp til Skuten. Ved skiltet tek du av til venstre og følgjer stien dei siste metrane ned til utsiktspunktet.

Vel oppe finn du eit fint utsiktspunkt med benkar og gapahuk, og ei flott utsikt over Strynedalen og Stryneelva som buktar seg ned mot sentrum.


Vis omsyn i naturen
Skuten ligg i eit område med gardsdrift og beitedyr i sommarhalvåret. Ta difor ekstra omsyn når du ferdast i området:

● Hald avstand til beitedyr og unngå å forstyrre dyra.
● Lat grinder vere slik du fann dei.
● Hald hunden i band. I Stryn kommune er det bandtvang frå 1. april til 15. oktober.
● Hald deg til stien for å unngå unødig slitasje på terrenget.
● Bruk parkeringa ved Nedstryn kyrkje. Ikkje parker langs veg eller skogsvegar, slik ein ikkje hindrar tilkomst.
● Motorferdsel er ikkje tillate på skogsvegen ved Skuten.

Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
  • Nedstryn Kyrkje
  • 6783
Telefon:
E-post:

Hvor er Skuten