Hopp til hovedinnhold

Slaget ved Fimreite
Magnus Erlingsson og Sverre Sigurdsson gjorde begge krav på å verte konge i Noreg, og begge hevda å vere av kongsætt. Magnus vart krona som konge berre fem år gamal i 1161. Sverre vart av opprørsflokken Birkebeinarane hylla som konge over Noreg i 1177. På Magnus si side stod både kyrkja og nesten alle lendmennene.
Det var eit sjøslag som sto nær garden Fimreite. Magnus og hans høvding Orm Ivarsson, som var halvbror av Kong Inge Krokrygg og biskop Nikolas Arnesson, falt begge i slaget. Magnus hadde i følgje Sverres Saga ein større flåte enn Sverre, med 26 mot 14 skip. Magnus lot skipa sine binde saman, slik man vanlegvis gjorde på landjorda, i fylking side om side med skipa bunde saman. Sverre valte derimot å la skipa være lause, og dette kombinert med hans store skip gjorde det vanskeleg for Magnus sine menn å borde dei. Sjølv om Magnus hadde tal messig overlegenheit, klarte Sverre gjennom dyktig manøvrering å slå ut skipa det eine etter det andre. Sverre sjølv skal ha gått ei ein småbåt for å styre slaget. Til slutt var Magnus sine menn samla på så få skip at tyngda fekk dei til å gå under.
Ein rekke stormenn i tillegg til Magnus og Orm falt i slaget, og Sagaen fortel at Sverres menn leita i fleire dagar etter lik som dreiv i land. Etter fleire dagar blei Magnus sitt lik funne. Det blei frakta til Bergen og gravlagt i Kristikirken.
På austsida av innløpet til Sogndalsfjorden ligg Fimreite-gardane. Her er ingen fornminne som viser spor etter busetnad før det kjende slaget ved Fimreite i 1184. Men frå andre halvdel av 1300-talet kjenner ein til at omlag halve Fimreite var eigd av adelsmenn, medan resten var kyrkjegods.
På Fimreite sto det på denne tida også ei kyrkje, truleg ei privatkyrkje for storfolket på garden.
Mykje strid før Fimreite-slaget
Dei to møttest i to store slag på Kalvskinnet i 1179 og Ilevollen 1180 - begge ved Trondheim - utan at det kom til endeleg siger. Det neste, store oppgjeret mellom dei to kom ved Fimreite i 1184.
Før han segla til Fimreite, samla kong Magnus skipa sine ved Kvamsøy vest for Balestrand. Magnus sin hær nytta seg m.a. av kastesteinar som våpen. Dette var brynesteinar som dei hadde kapra frå ei skute som låg i Bergen før dei drog nordover. Mange av desse brynesteinane er seinare fiska opp frå sandgrunnen under slagstaden, og finst m.a. på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.
Kjelde
På dagen 800 år etter, avduka kong Olav V ein minnestein om sjøslaget.
På Sveravodl
Minnesteinen om Fimreiteslaget står på Nornes, på ein haug eit stykke oppe i bakken frå naustrekkja ved sjøen. Der er fritt utsyn mot Fimreite og utover fjorden. Staden heiter Sveravodl. "Eg skal seia det er ein fin plass de har funne til denne bautasteinen", sa Steinar Hagen då han våren 1983 var med folk frå teknisk etat i Sogndal kommune og sette steinen på plass. Det er råd å køyra bil ned frå riksvegen til nausta, og i 1999 laga kommunen ein gangveg av plank og singel opp til bautasteinen.
Kvar skulle steinen stå?
Det var delte meningar om kvar bautasteinen skulle reisast, på Fimreite eller på Nornes. Nemnda heldt på Nornes og grunngav med to ting: a) det var på Nornes dei falne vart tekne i land og gravlagde, og b) det var lettare folk folk å koma fram til Nornes enn til Fimreite. (Fimreite hadde ikkje bilveg). Andre meinte at steinen sjølvsagt måtte stå på Fimreite, der slaget stod.
Kjelde

Kontakt

Adresse:
  • Norafjordvegen 1079
  • 6859 Slinde
Telefon:
E-post:
info@sognefjord.no
Nettside:
www.sognefjord.no

Hvor er Slaget ved Fimreite?