Brunestegen - Slettafjellet - Vorfjellet - Heggdalsvatnet.

Frå Brunestegen, følg skilting til Jargolane, derfrå bratt opp Jargolnipa 991 m.o.h. til du kjem opp på Slettafjellet, 1030 m.o.h. Etter dette er det lett terreng innover Slettafjellet med svak stigning og fin utsikt mot vest og Hurrungane i aust inn til oppstigning til Vorfjellet. På toppen av Vorfjellet 1209 m.o.h. har du også framifrå utsyn i alle retningar.

Stien vidare går i lett unnabakke ned mot Heggdalsvatnet, der du møter stikryss til Rysete/Seljesete/Heggdalsvatnet. Herfrå har du val mellom å gå heilt ned til Heggdalsvatnet 1020 m.o.h. (652 m), eller til Rysete-Brunestegen.

Kontakt

Adresse:
  • 6868 GAUPNE
Telefon:
57671400
E-post:
info@sognefjord.no
Nettside:
www.sognefjord.no

Hvor er Slettafjellet - Vorfjellet - Heggdalsvatnet?