Hopp til hovedinnhold
Bestill

Langt inne i Sognefjorden ligg Sogn Fjordmuseum idyllisk til ved Kaupanger ferjekai. I det gamle sagbruket kan du blant anna sjå ei eineståande samling av båtar frå Sogn, ein rekonstruert båtbyggjarverkstad, reiskap for båtbygging og fiskereiskap. Ved museet finn du også Glaværstova frå byrjinga av 1800-talet – truleg den eldste baren i Sogn!

Frå gammalt av var fjorden viktig både som matfat, næringsveg og ferdselsåre, og var ein føresetnad for levemåten og busetnaden i Sogn. Fjorden var stabburet. I fjorden var torsk og hyse, sei og lyr, kveite og brosme, sild og brisling, laks og aure. Her var ei matkjelde som folk visste å nytta seg av. Langs dei steile fjellsidene kring Sognefjorden var det mange stadar rett og slett uråd å ta seg fram på anna måte enn med båt.

Historia til sogningane let seg ikkje forstå utan at fjorden og kulturen kring gjeremåla på fjorden har ein sentral plass.

Sogn Fjordmuseum har og eit lite kaffiutsal og kiosk. Nyt ein kopp økologisk kaffi eller ein svalande is rett attmed Noregs lengste og djupaste fjord, sjølvaste Sognefjorden!

 

Her finn de mellom anna:

 

Ei eineståande samling av båtar frå Sogn.

Ein rekonstruert båtbyggjarverkstad og reiskapar for båtbygging.

Tradisjonelle fiskereiskapar og anna utstyr knytt til den gamle fjordkulturen.

Glaværstova, ei skjenkestove frå Glavær i Gulen. Besøk Sogn sin eldste bar!

Kontakt

Adresse:
  • Kaupangsvegen 59
  • 6854 Kaupanger
Telefon:
(+47) 57 67 82 06
E-post:
dhs-sf@misf.museum.no
Nettside:
misf.no/sogn-fjordmuseum

Hvor er Sogn Fjordmuseum, Kaupanger?