Hopp til hovedinnhold

Kva med ein fjelltur når du først er i Sogndal? Pakk sekken med drikkeflaske, matpakke, sjokolade og knyt på gode sko. Då er du klar for ein tur! Ei anbefaling er å gå turen frå Sogndal Sentrum, men viss du har bil så kan du køyre opp til Åberge eller Navarsete og parker bilen der. Turen går vidare opp mot Hølsete og vidare mot Nuken. Deretter to alternativ:

1) Sti som fører nordover i retning Hafslo, deretter tilbake til toppen av Nuken. Denne stien har stor sett slak stigning. 2) Nymerka rute rett opp lia frå Hølsete. Skilta ved enden av skogsvegen. stien passerer ved ei høgspentmast midt mellom Hølsete og Nuken (Ofte blautt, litt ulendt).

Det er asfaltert veg frå Sogndal sentrum opp til Åberge, og frå Åberge er det grusveg (Bomveg) i bratt terreng heilt opp til Hølsete. 

Du kan og gå turen til Hølsete, ete nistepakken din der og gå ned igjen same vegen. 

Les meir om turen her: 

Start: Sogndal sentrum, eller Åberge Tur tid: 5- 6 t (totalt) Høgdeforskjel: 0 - 260 - 919 m Kart (turkart) Sogndal-Leikanger Sesong: April/Mai - September/Oktober  

Kontakt

Adresse:
  • Hovevegen
  • 6856 Sogndal
Telefon:
57671400
E-post:
info@sognefjord.no
Nettside:
ut.no/turforslag/116246/nuken-919-moh-fra-aberge

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)

Hvor er Sogndal-Åberge-Nuken?