Hopp til hovedinnhold

Sogndal Skisenter preparerer løypene kvar dag når snøen er komen på plass. I Løysløypa som er  5 kilometer, kan du bruke heile døgeret om du vil. Og med hovudlykt kan du gjer det same i 10 kilometersløypa.

Langrennsløypene til skisenteret ligg lunt plassert i umiddelbar nærleik til fleire av utleigehyttene og parkeringsplassar. Sjølv om ein er i fjellet ligg løypene i eit terreng som er beskytta for mykje vind, fjellbjørka tek ogsa tak og gjer ein jobb for at du skal få gå i fred utan for mykje vind.

Det er mest so ein høyrer fjellbjørka heiar på deg når du kjem susande i anten god driv eller eit bedageleg tempo. Løypene våre ligg i eit terreng det er lett å beveg seg rundt i. Ein treng ikkje vere verdsmeister for å nytte godt av langrennsløypene i Hodlekve. Det er mange som har hatt sine første stavtak her i skogen. Ikkje berre siste 50 åra, men også heilt tilbake til tida då Birkebeinarane budde her.  

Det er tid for å lata tankane flyte når ein er på ski hjå oss, me vil du skal ha det godt.

Følg med på skisporet.no for oppdateringar. 

Reis innom Kiosken for kaffe og ei vaffel etter turen!   

Kontakt

Adresse:
  • Hodlekvevegen 276
  • 6856 Sogndal
Telefon:
E-post:
hodlekve@hodlekve.no
Nettside:
www.sogndalskisenter.no/

Hvor er Sogndal Skisenter - langrennsanlegg?