Hopp til hovedinnhold

Startpunkt 

2,0 km nordaust for Herand kai tek du av mot aust frå veg 550, på ein skogsbilveg like før brua på Samland. Her må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil. Etter ca. 1,8 km er det skilta Solhaug til venstre. Køyr til endes på denne vegen (ca. 1,3 km). Det er plass til nokre bilar her, men pass på at det framleis er råd å snu for ev. andre som kjem med bil. Parkering på eige ansvar.

Om turen 

Ved parkeringsplassen på Solhaug er det informasjonstavle og skilt til Fodnastøl. Det er god sti i lett skogsterreng, men litt myrlendt. Når du kjem opp der du ser Fodnastølsfossen, deler stien seg. Her er det skilta Fodnastøl og Vatnasete. Denne turen er ein rundtur og er omtalt å gå først i retning Fodnastøl, men vanskegraden er svært lik om du vel å gå motsatt veg. Når du har valt å gå mot Fodnastøl kjem du etter kort tid til utfallet frå Fodnastølsvatnet. Dette er ein svært fin foss, spesielt ved snøsmelting i høgfjella eller om det har vore mykje nedbør. Stien går opp tett innmed fossen, og vidare innover på nedsida av vatnet. Når du kjem inn mot enden av vatnet ser du Fodnastølen på motsett side av vatnet. Det er ikkje merka opp til stølen, men vi anbefaler å gå dit. Merkinga vidare går framover og ned til Vatnasetevatnet og vidare langs vatnet til eit stikryss, med Vatnasete like ovanfor. Her er det skilta Solhaug. (I dette stikrysset kan du gå mot Eggjasete/Stuasete.) Vidare går turen forbi Vatnasete og tilbake til stikrysset der du såg Fodnastølsfossen.

Parkering: Solhaug.  Parkeringsavgift: gratis, avgift for å køyre vegen opp til Solhaug Lengde: 5,6 km Total gangtid: 3 timar Sesong (gjennomsnittlig år): mai - november Vanskegrad/gradering: ​​​​​​​Blå, middels 

 

Kontakt

Adresse:
  • 5628 Herand
Telefon:
+47 480 70 777
E-post:
turist@ullensvang.kommune.no
Nettside:

Fasiliteter

Avstand:
  • 5.6km
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vår

Hvor er Solhaug - Fodnastøl - Vatnasete?