Hopp til hovedinnhold

Anlegget er freda, og er sett saman av ni bygningar der Hovedhuset og Bispestova er dei viktigaste. Almuestova i Hovedhuset er frå midten av 1600-talet, og Bispestova er reist i ca. 1725.

I Hovedhuset er det innreia "historiske rom", med tidsriktige fargar, tekstilar, møblar og slektsbilete frå tre prestar som har budd i prestegarden, frå 1850, 1900 og 1940.

Prestegarden vert rekna som ein av dei i landet som er best tekne vare på. Utleige som "refugium" for bildande kunstnarar og forfattarar til subsidiert pris. Vidare utleige som seminar og møtestad for private og offentlege institusjonar og bedrifter, og dessutan tilrettelagt for slektsstemne og lokale arrangement som konsertar og kurs.

Fjelberg Prestegard er ei offentleg stifting.

Kontakt

Adresse:
  • 5459 Fjelberg
Telefon:
+47 53 47 81 27
E-post:
Nettside:
www.fjelbergprestegard.no/

Hvor er Fjelberg Prestegard?