Storehesten (også kalla Kvamshesten i nyare tid) er namnet på det mest markante og majestetiske fjellet i Sunnfjord og ligg mellom Førdefjorden og Dalsfjorden. Saman med Lisjehesten lenger aust og Blegja i vest dannar dette fjellmassivet ein 360 millionar år gammal devonavsetning eller konglomerat- og sandstein.

Frå toppen av Storehesten (1209 moh) kan ein sjå vest i havet, nord til Ålfotbreeen, austover til Jostedalsbreen og sørover til fjella kring Bergen. For Bygstad eller bygda som ligg under Storehesten i sør, har fjellet alltid prega det daglege livet, alt frå vardebrenning i vikingtid til beite, jakt og turgåing og fjellklatring i nyare tid.

Vandrerute frå Bygstad til fjelltoppen er godt merka med Turistforeningen sine raude T-ar.
Det er godt skilta til parkering frå sentrum i Bygstad. Frå parkering på 400 m.o.h til toppen bør ein rekne om lag tre timar roleg vandring.

Turen er 11 km lang og har ein høgdeskilnad på 780 meter. Stien er god, med stigning heile vegen, gode sko er viktig.

Kontakt

Adresse:
  • 6977 BYGSTAD
Telefon:
+47 57 61 27 84
E-post:
post@sunnfjord.no
Nettside:
www.storehestenopp.no

Hvor er Storehesten i Bygstad?