Hopp til hovedinnhold
Bestill

Spektakulære nedfartar frå 1000 moh ned til 320 moh i snøsikkert område med storslått Nordfjordnatur.

Løypenettet til Stryn Vinterski er godt utbygd og med Steindalsheisen kan du kome deg opp til 1010 moh. Totalt tilbyr skisenteret 8 km preparerte nedfarter.

På Stryn Vinterski finn ein 4 skitrekk
1. Tautrekket er eit ca 90 m langt tautrekk som passar for dei aller minste.
2. Hovudtrekket er 1200 m lang t-krokheis, og tar deg frå 325 til 680 moh. Fra toppen har du 3 ulike trasèval.
3. Juniorheisen er ein tallerkenheis som er ca 300 meter lang. Lokalisert nede ved servicebygget finn du et barnevennlig område med eit tautrekk skileik element og ein nytt Jr. skitrekk.

Hovedtrasèen går rett ned i same retning som heistrasèen. Vanskegrad raud – middels.

Nakkjen går slakt vestover frå toppen, rundt Nakkjen og hyttene på Bøanedsetra, og møter rundløypa i siste halvdel. Vanskegrad blå – lett.

Rundløypa startar ved første bakken i hovedtrasèen, går så slakt vestover gjennom hyttefeltet på Bøanedsetra, for så å svinge søraustover og ned mot varmestova. Siste del av løypa går rett bak det nye hyttefeltet. Vanskegrad blå – lett.

4. Steindalsheisen er ein 1400 m lang t-krok heis, og tek deg frå 657 til 1000 moh. Frå toppen har du 2 hovudnedfartar:
Vestsida går som navnet tilsier på vestsida av heisen, og i samme retning som heistrasèen, men i ein lite bue midt på. Vanskegrad raud – middels.
Steindalstrasèen går på austsida av heisen, men meir i retning rett ned mot startpunktet til heisen. Vanskegrad raud – middels.

Skiutleige med snowboard, alpinski i alle storleikar og langrenns utstyr. Utleigepris Barn kr 350, Vaksen 450.

Varmestove med 100 sitteplassar. Toalett. Utleigemolegheiter for private arrangement.
Kafe med varme og kalde rettar.
Afterski 60 sitteplasser med servering av kaffe, mineralvann, øl og vin. Trubadur og DJ i høgtider og ferier.

Spektakulære nedfartar frå 1000 moh ned til 320 moh i snøsikkert område med storslått Nordfjordnatur. I umiddelbar nærleik kan du finne store vidslåtte områder med mengder av laussnø. Unik skogskøyring og off piste område. All ferdsel her er på eige ansvar.

Skisenteret er eit perfekt utgongspunkt for toppturar. Med 7 omkrinsande fjell toppar frå 1000-1400 moh. Stryn Vinterski er eit godt utgangspunkt for mange flotte toppturar med sju fjell frå 1000 - 1400 moh. som ligg kring anlegget. Natakupa (1400 moh) og Hestefjellet (1303 moh) ligg svært lett tilgjengelig. Dersom du ikkje er så van med høgfjellet, og ynskjer guide for å ta deg sikkert til topps hjelper skisenteret deg gjerne med det. Ta kontakt og bestill i førevegen. Sjekk varsom.no for ver- og føreforhold.

Fasilitetar
4 skitrekk med 8 km preparerte nedfartar
Park med fleire element
Skiutleige
Kafe og varmestove
Afterski
Stor parkeringsplass
40 km preparerte langrennsløyper i umiddelbar nærleik

Stryn Vinterski ligg kun 4 km frå Stryn sentrum. Der ein finn fleire restauranter, variert shopping og overnattingsmoglegheiter.


Kilde: Nordfjord

    Alpepass

    Se alle tilbudene til Alpepass

    Kontakt

    Adresse:
    • Setrevegen 471
    • 6783
    • STRYN
    Telefon:
    +47 90138308
    E-post:
    post@strynvinterski.no
    Nettside:
    www.strynvinterski.no/

    Hvor er Stryn vinterski?