Ein sykkeltur innover i Bondhusdalen er ein sykkeltur inn i Folgefonna nasjonalpark. Denne dalen har trekt til seg reisande i over 100 år. Frå Sundal ved Maurangerfjorden og opp til Bondhusvatnet og utsynet mot Bondhusbrea og Bondhusvatnet syklar ein på god grusveg. Eit stykke inne i dalen tek turstien av mot hytta Fonnabu og Folgefonna. "Keisarstien" vart denne tidlegare kalla. Sjå turomtale under. Når du syklar inn til Bondhusvatnet er det bord og benker der du kan ha matpause. Det går sti vidare langs vatnet til inste enden der det heiter Vetledalen. Der ser du opp på brearmen, som dei siste åra har blitt betydeleg redusert. Den rike historia til Bondhusdalen og turisttrafikken her på slutten av 1800-talet er skildra i fleire bøker. I dag er det Folgefonni Breførarlag som tek med seg turistar som vil gå over Folgefonna frå Fonnabu til Holmaskjer på Oddasida.  

Kontakt

Adresse:
  • 5476 MAURANGER
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.bikemap.net/route/1623155

Hvor er Sykkelrute Bondhusdalen?

Fjord Norways sekundærlogo