Hopp til hovedinnhold
Bestill

Opplev Vik gjennom historia

Turen startar med gaiding på Vikøyri og strandsitjarmiljøet ved fjorden. Vi besøker Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje. På vegen passerer vi fleire gravhaugar, du får vita kor den vakre sagaringen blei funnen, og andre spennande ting. Mellom anna har vi gleda av å introdusera dykk for gamalosten -ei smaksoppleving du vil hugse lenge. 

Start tid: På førespurnad Tid:. 3,5 times vandring, 6 km Minimum: 10 personar. Pris: 450,- NOK pr person Bilettar til kyrkjene og smaksprøvar på meieriet er inkludert.

Me tek dykk med på ein tur å hugsa

På turen ruslar vi mellom dei små pittoreske husa og nausta som utgjer strandsitjarmiljøet på Vikøyri. Vi går inn i eit av husa som står akkurat slik det vart forlatt for mange år sidan. 

Hopperstad stavkyrkje er eit vakkert syn ein berre må sjå. Kyrkja er ei av dei to eldste stavkyrkjene i landet og syner den framifrå arkitekturen som er ein del av Noregs tilskot til verdas kultur- og arkitekturarv. Hove steinkjyrkje kan kanskje ikkje måla seg i storleik til dei samtidige katedralane i Europa, men er særeigen for Noreg og vel verd et besøk, særleg den vakre veggdekoren.

På vandringa får du høyre om dei mange gravhaugane me passerer og kva som vart funnen i nokre av dei.

Kontakt

Adresse:
  • Vikøyri
  • 6893 Vik i Sogn
Telefon:
+47 911 30 843
E-post:
post@sylvringen.no
Nettside:
sylvringen.bilberry.no/web/products/2/calendar?ref=nEKr0xbvwV

Fasiliteter

Sesong:
  • Vinter
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Sylvringen - ei historisk vandring i Vik?