Hopp til hovedinnhold

Syse Gard er ein familiedriven vestlandsgard med livskraft og tradisjon i eit nyskapande gardsmiljø. Gro og Hans som er den femte generasjonen som driv garden, foredlar lammekjøt (pinnekjøt, fenalår, sysekorv og rullepølse) etter gamle tradisjonar (salta og røykt).

I gardsutsalet finn du noko for ein kvar smak; ulike typar syltetøy, hermetisk frukt, eplemost, sider og lammekjøt i ulike former. Alt er dyrka og foredla etter gamle tradisjonar på garden. Det gjev grunnlag for at Syse Gard er eit Economuseum, som eit av 13 i Noreg. Et économusée er levande håndverksbedrifter og opplevingssentre. Dei viser fram håndverket sitt og lar deg ta del i opplevinga.

På Syse Gard får du møte handverk i sitt naturlege miljø, med foredling av frukt og lam basert på gamle tradisjonar. Syse Gard tilbyr ekte matopplevingar med den unike smaken av Hardanger. I gårdsutsalet kan du kjøpe med deg den gode smaken heim. Kjem du i fruktsesongen, kan du kjøpe med deg nyplukka, fersk frukt.

Det vert heldt omvising for grupper med ein liten smak frå garden for dei som vil nyte lokal mat med fantastisk utsikt.

For lokal, kortreist mat – ta turen innom Syse Gard.

Allsidig gard med produksjon av frukt og lammekjøt foredla og selt i eige gardsutsal.

 

  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Syse Gard, Apalvegen 104
  • 5730 Ulvik
Telefon:
+47 41 64 99 06
E-post:
post@sysegard.no
Nettside:
www.sysegard.no

Fasiliteter

Sesong:
  • Vinter
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Syse Gard?