Hopp til hovedinnhold

Dammen demmer opp Sysenvatnet, hovudmagasinet til Sy-Sima. Den er 81 meter høg, 1.160 meter lang og bredden i botnen er 248 meter. Demninga består av 3,6 mill. m3 stein og fyllmasse. Innerst har dammen ein kjerne av morene som fungerer som tetting. Det tok 6 år å bygge dammen før den sto ferdig I 1980.

Vanntilførselen til Vøringsfossen vert regulert av Sysendammen. I sommarsesongen er det krav om ei minstevannføring, og dette vatnet blir også nytta til auka kraftproduksjon i Leiro kraftverk nedanfor Sysendammen.

Dammen representerer storanlegg i høgfjellet og avansert kraftutbygging frå 1970-talet. Den imponerer med sin storleik og lokalisering.

Det er parkeringsplass og informasjonstavle ved dammen.

Kontakt

Adresse:
  • Storlia 94
  • 5785 Vøringsfoss
Telefon:
E-post:
Nettside:

Fasiliteter

Sesong:
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Sysendammen?