Opplev den spektakulære utsikta på ski opp Keipen 1417 moh
Fantastisk topptur med fjord og fjell utsikt over Sognefjorden. Turen er svært krevende. På denne turen må ein ha guide eller følgje råda frå lokalt kjende. Kontakt BreogFjell for ein guida tur til Keipen
Parkering
Når ein køyrer mot Sværefjorden tek ein av vegen på Dale og køyrer opp grusveg. Ved gardstuna betaler ein bompengar og køyrer vidare opp til Dalsdalen. Parkering kan ein enten gjere ved infotavla (290 moh) eller forstette til parkering i enden av vegen (330 moh)
Turen opp til Keipen
Frå parkeringa fylgjer ein stien opp til Påfunn. Her kryssar ein elva og følgjer terrenget opp til enden av Dalsvotni. Deretter går ein mot fjellryggen ved Keipen, deretter går ein mot Bjørnabreen og rundt den tilbake til Keipen.
Skiruta:
Ved ca. 660 moh teke ein av frå stien og går i retning Bjørnabreen. Oppe på breen (1430 moh) føl ein fjellryggen ut på Keipen.
Vær obs på at ein må krysse nokre bekker på tur opp slik at ein tilpasser skotøy etter høva.
Vanskegrad:
Svært krevende tur med stigning frå fjorden på nesten 1500 meter. Krever god fysisk form og erfaring frå høgfjellet. Kan vere rasfarlege parti.
Utstyr:
Rondonnèe ski eller kraftige fjellski med feller er sterkt tilrådd pga den bratte stigninga. Tilrådd med spade og søkeutstyr i dette terrenget.
Tid opp og ned:
7 - 8 timar.
Mat, drikke & overnatting
Overnatt på Dragsvik Fjordhotel der du får servert dei nydelegaste lokale rettane. Vertskapet på hotellet delar gjerne tips for aktivitetar. Klikk her for å bestille overnatting
