Hopp til hovedinnhold

Hardanger og Voss tilbyr eit fantastisk terreng for toppturar med flotte fjell og fjordutsikt i fleire retningar. Oksenhalvøya har eit stort antal varierte nedkjøyringar for alle ferdighetsnivå. Turmåla bli enten Ingebjørgfjellet, Midtfjellet eller Oksen - alle byr på fantastisk utsikt over Hardangerfjorden frå toppen.

Me vil prøve å finne gode turforhold i trygt terreng, tilpassa di gruppe sine føresetnader. Turdestinasjon velges basert på best mulig snøforhold og vær-/vindforhold.

Guida topptur er ein super aktivitet om du ønsker å bli kjent med eit nytt toppturområde. Med ein lokalkjent guide kan du nyte turen, medan nokon andre visar veg. Guida toppturar er også tryggare enn å legge ut på tur aleine. Lokale guidar har god kjennskap til både snøforhold og eventuelle terrengfeller. Du vil også lære mykje på ein guida topptur - det blir omtrent som eit intro kurs. Hardanger Fjellguide har god kjennskap til tema som påkledning, ressursfordeling, terrengvurdering og navigering, dei deler gjerne av sin kunnskap

NB! På Oksenhalvøya går det Villrein, som er spesielt utsatt om våren. Me anbefaler ikkje å gå denne turen utan guide.

Praktisk info og sikkerheit
• På turar i bratt terreng er det påkrevd med skredsøkar, søkestang og spade.
• I god tid før avreise sender me deg ei utstyrsliste og all praktisk informasjon.

Utstyr
• Skisekk med gode fester til å bære ski på sekken, og fleire rom til div utstyr, mat, drikke etc.
• Randonèe (toppturski/telemarkski), skisko og staver
• Skihjelm
• Skarejern (valgfritt)
• Skifeller (sjå over at fellene har god lim og dekker ut til stålkanten)
• Skredsøker, spade og søkestang (sjekk batteri)
• Repsett (i tilfelle bindingen eller noko ryker)
• 30-40L sekk
• Solbriller
• Goggles / skibriller
• Termos med varm drikke og matpakke

Bekledning
• isolerende undertøy (ull)
• ekstra skift ull-undertøy.
• ekstra lue, hansker/votter
• isolerende mellomlag (ull / fleece)
• vind/vanntett ytterbekledning
• lue
• hansker/votter
• isolasjonsjakke (dun, primaloft eller ull)

Prøv å hold vekta på sekken lågast mulig uten at det går på bekostning av sikkerheit og turglede.

Inkludert i prisen:
– alle utgifter til guide og alt av felles utstyr
– formidle kunnskap om skredtema og skredvurderingar, skikjøring, vinterturtips, høgfjellsvurderingar, skiteknikktips mm
– lokalkjente guider med lang erfaring og høg kompetanse.

Ikkje inkludert i prisen:
– personlig ski-/skredutstyr
– transport
– overnatting
– mat og drikke
– reiseforsikring

For grupperabatt ta direktekontakt med Hardanger Fjellguide.
Turen gjennomføres med forbehold om minimum 4 påmeldte.

Kilde: Visit Voss

Kontakt

Adresse:
  • Hardangervegen 2566
  • 5736
  • Granvin
Telefon:
E-post:
kjartan.haugen@gmail.com
Nettside:
www.hardangerguide.no

Hvor er Topptur til Oksenhalvøya?