Startpunkt  Køyr til Torsnes, 7 km sør for Jondal sentrum. ​​​Fortset deretter opp til enden av ein lokal veg (sjå kart).

Om turen  Fottur gjennom eit frodig landskap på nordsida av Torsnesvatnet. Det er mange stølar og hytter ved Torsnesstølen ved den austlige enden av fjellvatnet. Du går i god skogsti oppover langs Torsneselva til du kjem til brua på hovudvegen Jondal – Nordrepollen. Det er ei trapp under brua. Vidare oppover på grusveg ca 300 m til ein kryssande veg. (Går du til høgre kjem du over Libru og opp i skogsbilveg som går til Vetlavatnet). Ta til venstre ca 100 m. Det er skilta og merkt vidare i skogsterreng og gamalt kulturlandskap med utslåttar, utløer og vårflorar langs Torsneselva opp til Torsnesvatnet og Vassvikane. Du kan gå vidare til Fjelltveit eller til bilveg ved Vetlavatnet.

Parkering: Ved enden av lokalvegen forbi Stølheim / Mjøsstølen. Parkeringsavgift: gratis, bomveg 50 kroner Lengde: 4 km (ein veg) Total stigning: 80 meter Total gangtid: 3 timar Sesong (gjennomsnittlig år): Mai - November

Kontakt

Adresse:
  • 5627 Jondal
Telefon:
+47 95 11 77 92
E-post:
post@visitjondal.no
Nettside:

Hvor er Torsnesstølen/Fjelltveit?