Bestill

Opplev ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i verda saman med Trolltunga Active. Aktivitetsselskapet og dei spesialutdanna guidane deira tilbyd eit tosifra antall spanande aktivitetar på og rundt Trolltunga med bærekraft, høg kvalitet, wow-faktor og ikkje minst tryggleik i fokus.

Nokre gode tips til turar med Trolltunga Active:

Trolltunga Sunset / Sunrise – Ein særeigen overnattingstur i ein gjennomsiktig dome med komfortable fasilitetar.

Trolltunga Winter & Trolltunga Winter Sunset (pakketur)  – Unngå sommarkøen, ta på trugene og opplev Trolltunga dekka av snø og is.

Trolltunga Winter Adrenaline for ekspertar (pakketur) - Denne ferdigpakka vinteropplevinga passar perfekt for erfarne skikøyrarar som søkjer gjeve adrenalin-opplevingar i dei storslåtte Hardanger-fjella.

Trolltunga Winter Adrenaline for nybegynnarar (pakketur) - Bli med Trolltunga Active og dei røynde guidane deira på eit ferdigpakka vintereventyr til Røldal og andre fjelltoppar i regionen.

Trolltunga & andre fjelltoppar i Hardanger (pakketur) -  Utforsk Trolltunga og andre spektakulære fjelltoppar i Hardanger.

Trolltunga Via Ferrata – Sykling, vandring og klatring. På denne adrenalin-turen får du oppleva det meste. Avslutningsvis klatrar du 250 meter opp til det definitive høgdepunktet; Trolltunga.

Rib Boat Fjord Safari – Ei fartsfylt oppleving som kombinerer natur, historie og kultur i fjordlandskapet. Turen kan også kombinerast med sidersmaking og omvisning i Agatunet.

Her finn du alle dei spanande aktivitetane til Trolltunga Active!

Velkomen til Odda og Trolltunga!

  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Skjeggedal 20
  • 5770 Tyssedal
Telefon:
+47 991 12 121
E-post:
mail@trolltunga-active.com
Nettside:
www.trolltunga-active.com

Fasiliteter

Guidet tur:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Trolltunga Active?

Fjord Norways sekundærlogo