Trolltunga Via Ferrata Sky Ladder Sunset er ei eksklusiv guida fjelloppleving for deg som vil oppleva Trolltunga på ein meir spektakulær måte - med via ferrata, Sky Ladder, solnedgang og glamping i fjellet.
Turen startar ved Trolltunga Active Base i Skjeggedal. Saman med erfarne guidar går du langs Ringedalsvatnet før turen held fram mot Trolltunga Via Ferrata og den spektakulære Sky Ladder. Her får du ei luftig og adrenalinfylt klatreoppleving, med trygg oppfølging, nødvendig utstyr og storslått utsikt mot Ringedalsvatnet, Ringedalen og Folgefonna.
Etter klatringa ventar ein heilt spesiell kveld i fjellet. Du overnattar i ein gjennomsiktig glamping-dome nær Trolltunga, med middag, varme soveposar og høgfjellsnaturen tett på. Når kvelden senkar seg, går turen vidare til Trolltunga - på eit tidspunkt der landskapet er rolegare, lyset mjukare og opplevinga endå sterkare.
Dette er turen for deg som ønskjer det beste av Trolltunga: via ferrata, Sky Ladder, solnedgang, glamping og ei guida fjelloppleving utanom det vanlege. Her handlar det ikkje berre om å koma fram til Trolltunga - men om å oppleva heile fjellet på den mest spektakulære måten.
Inkludert
- Profesjonelle guidar med sikkerheits- og førstehjelpsutstyr
- Overnatting i gjennomsiktig glamping-dome
- Ettermiddagssnack, middag og frukost med "a taste of Norway"
- Varm sovepose og liner
- Alt nødvendig klatreutstyr
- Turstavar ved behov
- Informasjon om lokal natur og historie
- Hjelp til fotografering under heile turen
- Foto frå dei beste utsiktspunkta på Via Ferrata
- Særskilte foto av Trolltunga frå ein eigen vinkel nedanfor fjellformasjonen, når vêrforholda tillet det
- Transport frå P3 til P2, når vêrforholda tillet det
- Sky Ladder
