Hopp til hovedinnhold
Bestill

Guida trugetur over Stegastein Utsiktspunkt i Aurland

Undervegs fortel guiden om livet på fjellgardane som ein vil sjå langs vegen opp mot Stegastein, og ein ser plassar der ingen skulle tru at nokon kunne bu. 

Vel framme gjer ein seg klar for trugetur. Ein får ei innføring i korleis gå på truger, og ein får høyre om historia bak trugene. Undervegs fortel guiden om den dramatiske naturen, vinteren ved fjorden, og om den særeigne kulturen i området. Ein passerar utsiktspunkt der ein kan sjå fjorden mot den vesle bygda Undredal, innover til Flåm og alle dei høge fjelltoppane som omkransar den djupe Aurlandsfjorden under oss.

Ved vendepunktet på turen får ein servert noko varmt å drikke, og ein får moglegheit til å nyta den unike stillheita i naturen.

Turen på truger tek om lag 1-1,5 timar som byr på mange muligeheiter til å sjå fjorden og dei små bygdene. Før ein køyrer tilbake til Flåm, blir det eit stopp ved utkikkspunktet Stegastein. Der blir tid til å ta bilete og nyte den storslegne utsikta over fjordlandskapet.

 

Viktig informasjon

Frå 6 år og oppover. 

Varigheit: 2,5 - 3 timar

Turen må bookes før kl. 22.00 kvelden før

Sesong: 26 desember - Mars

Online Booking: www.fjordsafari.com

  • Facebook logo
  • Instagram logo
  • Trip Advisor logo

Priser

Fra:
NOK 720

Kontakt

Adresse:
  • Stasjonsvegen
  • 5743 Flåm
Telefon:
57 63 33 23
E-post:
post@fjordsafari.com
Nettside:
www.fjordsafari.com/activities/november-march

Hvor er Trugetur ved Stegastein Utsiktspunkt?