Hopp til hovedinnhold

Dagstur i verdsarvparken og UNESCO-området Nærøyfjorden, inkludert ein avstikkar til Fresvikbreen

Rute: Engi - Jashaugbu Total turtid: 8 timer Total lengd: 17 km Gradient: Frå 280 m til 1340 m o.h.

Transport: Bil: via Vik til Fresvik. Privat parkering ved Engi, 5 km sørvest frå Fresvik. Buss: frå Vik til Fresvik (rute 14-181) tre gongar i veka i tillegg til dagleg skulerute (går ikkje i feriane) Meir informasjon: www.ruteinfo.net

Fyrste del av turen går på ein bra merka sti frå Engi til Tundalsselbøen i Tundalen, der ein kan sjå restar etter ein gamal støl. Kryss elva ved Klepp. I dalbotnen går stien opp til Rjupeskard. Kryss breen ved Gryteskarvbreen, ver oppmerksam på bresprekkar! Ta av mot nord for ein avstikkar til Fresvikbreen. Det tek ca. ein time fram til breen. Stien til Fresvik-Jordalen går vidare langs Langafonnvatnet og så nedover til Fresvikvarden. Varden blei truleg set opp under Svartedauden. Herifrå er det ein halv time ned til hytta Jashaugbu ved Jashaugvatnet.

Jashaugbu er ein sjølvbetent turisthytte med 6 senger, drive av Turistforeninga (DNT). For å komme inn treng ein DNT-nøkkel, som ein m.a. kan låne på Turistinformasjonen i Vik. Til Jashaugbu kan ein komme med bil på ein fjellveg frå E16 i Nærøydalen.

Kart: Turkart 1:50.000 Vik Turkart 1:50.000 Nærøyfjorden Topografiske kart: 1:50.000 1317 II Hermansverk 1:50.000 1316 I Gudvangen

Overnatting: Jashaugbu, meir informasjon på www.ut.no eller på turistinformasjonen i Vik I Fresvik: Frøys hus, tel: 416 96 913, http://froyshus.no Sjøstigen, tel. 48 13 33 70, http://stigengard.no/sjøstigen

Eller vel ein av dei mange andre overnattingsverksemder på Vangsnes eller i Vik.

Nærmaste turistinformasjon: Vik Turistinformasjon, Tel. 57 69 56 86, vik@sognefjord.no

Kontakt

Adresse:
  • Vei uten navn
  • 6896 Fresvik
Telefon:
E-post:
vik@sognefjord.no
Nettside:

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)

Hvor er Tur til Fresvik-Jordalen - opplev verdsarvparken!?