Hopp til hovedinnhold

Nydeleg utsikt fre utsiktspunktet på Loftesnesfjellet mot Sogndal, Sogndalsfjorden, Sogndalsdalen og Barsnesfjorden.

Turbeskrivelse:

Frå Tjødnali turparkering går turen bratt oppover på skiltet og raudmerka sti mot Jeiskedalen og Hesteggi. Skogsstien er tydeleg, mjuk og god og går gjennom ein nydeleg furuskog. Allerede etter ca 100 høgdemeter møter du eit av mange flotte utsiktspunkt på turen og her får du storslagen utsikt til Sogndal, Sogndalsfjorden og Storehaugen.

Etter ca. 45-60 minutter er du oppe til den gamle stølen Jeiskedalen 525 moh., og her er det tydeleg spor etter frodige setervoller og store steingjerder. Følg merka sti mot Hesteggi og etter eit par hundre meter kryssar du Hagagrovi, og nokre hundre meter seinare, er du oppe ved flere flotte utsiktspunkt med storfin utsikt ned til Sogndal, Sogndalsdalen og fjella rundt.

Etter eit stopp på utsikten gå tilbake til den merka stien mot Loftesnesfjellet og Hesteggi, og fortset oppover til du møter traktorveien frå Museet De Heibergske Samlinger. Føl traktorvegen dei siste hundre meterne opp til stiskillet Loftesnesfjellet utsiktspunkt og Hesteggi, og deretter videre dei ca hundre metrene ut til sjølve utsiktspunktet.

Frå Loftesnesfjellet til toppen av Hesteggi bruker du ca 30-45 minutter.

Lengde: 3,8 km ein veg

Tid: ca 2 - 2,5 timar til Hesteggi

Turen går frå A-B

Stigning: 800 meter

Gradering: krevende

Sesong: april - september

Korleis kome seg dit:

Føl riksveg 5 frå Sogndal og ta av for Kjørnes oppover mot Tjødnali.

Turstart, stopp og parkering: Tjødnali turparkering 156 moh., Kjørnes i Sogndal

Kontakt

Adresse:
  • Kjørnes
  • 6856 Sogndal
Telefon:
E-post:
Nettside:
ut.no/turforslag/116462/hesteggi-907-moh

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)

Hvor er Tur til Hesteggi, Sogndal