Tur til Ovriseggi på Vikafjellet med utsikt over Vik
Turen starter på parkeringsplassen ved tunnelopninga på nordsida. Ein liten avstikkar opp frå Riksvegen, opp til ein romsleg parkeringsplass, 895 moh.
Stien er per i dag berre sporadisk merka, men er stort sett litt å finna. Turen går om lag beint nordover langs egga. Eit par plassar bør ein vera forsiktig med å gå utpå skrenten på austsida. Ein har god oversikt mot Bødalen på vestsida og Ovrisdalen på austsida. Frå høgste punktet, Daurmålshaugen 935 moh, begynnar ein å få god utsikt ned mot fjorden og Vik Sentrum.
Kom deg ut, ta med heile familien og nyt denne vakre turen med utsikt over heile Vik og den mektige Sognefjorden.
Om turen
Middels krevende fottur
Lengde: 7,4 km
Tid: 2,5 timer
243 høgdemeter totalt
Sesong: april til november
Sjekk entur.no for bussforbindelse frå Vik Sentrum til parkeringsplass ved tunnellopning på Vikafjellet.