Hopp til hovedinnhold

Turen til Vatnane går på den gamle stølsvegen som bøndene brukte for å ta dyra til beiteområda på fjellet. Ta ein pause ved vårstølen Fossesete og nyt den fantastiske utsikta på Arnafjorden når du er komme opp på fjellet!

Rute: Tenne - Vatnane - Tenne
Total turtid: 4-6 timer
Total lengd: 6,7 km
Høgde over havet/gradient: Frå 20 m til 990 m

Tilkomst:
Med bil via Vik til Arnafjord, parkering i grustaket på Tenne inst i fjorden.
Distanse frå Vik: 24 km.
Bussen mellom Vik og Arnafjord (rute 14-184) går tre gongar i veke i tillegg til skuleruta (går ikkje i feriane).
Meir informasjon: www.ruteinfo.net

Overnatting:
Vatnane turisthytte, www.turistforeningen.no
Tenne camping, tlf. 96 23 44 94

Stien startar ved grustaket på Tenne og er merka med „Vatnane". Fyrste delen av turen er heller bratt og går for det meste i granskog. Stien er tydeleg og i god stand. Etter ei stund kjem ein i meir ope bjørkeskog. På kring 400 moh passerer ein Fosseset som inviterer til ein pause ved fossen. Etter tregrensa er det ikkje så langt igjen til Vatnavatni som ligg på 800 moh. Det kan vere lurt å ta av skodna når du kryss elva. Stølen Vatnane er sett saman av fleire private sel og hytter. Ei av dei er turisthytta Vatnane som er drive av Bergen Turlag og er ope for alle. Det er ikkje proviant i hytta som har 6 senger.
Frå Vatnane er det tilgang til det T-merka rutenettet i Stølsheimen.

For å fiske i Vatnavatni treng ein fiskekort som kan kjøpast i turisthytta og hjå JJDesign i Vik.

Ver forberedt på all slags ver, og gå aldri åleine!

Kartblad:
Turkart 1:50.000 Vik
Turkart 1:100.000 Stølsheimen
Topografisk kart 1:50.000 1317 III Balestrand

Nærmaste turistkontor:
Vik Turistinformasjon, Tlf. 57 69 56 86, vik@sognefjord.no

Kontakt

Adresse:
  • Fjordavegen 2328
  • 6893 Vik i Sogn
Telefon:
57 69 56 86
E-post:
vik@sognefjord.no
Nettside:

Hvor er Tur til Vatnane - på gamal stølsveg?